Eureka!

Intervju med Amalie

Av Amalie Trones

Foto: Lisa Melvær Gill

img_0127

Amalie Svanøe tenkte på forskarlinja allereie før ho byrja på studiet, då ho ville få innblikk i korleis forskingsdelen av medisinen eigentleg går føre seg, og korleis kunnskap blir til. Amalie hadde permisjonsåret sitt frå hausten 2015, og er i dag på sitt andre år med forsking ved sida av studiet.

 

Kan du forklara kort kva prosjektet ditt går ut på?

Eg er med i CCBIO (Centre for Cancer Biomarkers), og ser på biomarkørar innanfor brystkreft hos unge pasientar. Eg har etablert ein serie med kvinner under 50 år ved diagnosetidspunkt, og som vart diagnostisert mellom 1996 og 2003. Eg har samla inn kliniske data frå journal og histopatologiske data frå patologijournalar, og så held eg på med immunohistokjemi. Ein kan laste ned allereie eksisterande data og sjå på kva gen som er oppregulert og kva gen som er nedregulert ved genekspresjonsanalysar. Dette brukar eg til å sjå på forskjellar mellom unge og eldre brystkreftpasientar. Dei unge får ofte dårlegare overleving, og meir aggressive typar for brystkreft.

 

Kvifor valte du det prosjektet?

Eg tok kontakt med fleire grupper som hadde interessante prosjekt, men valte hovudsakleg utifrå god kjemi med veiledarar. Det trur eg er veldig viktig. Hovudveiledaren min hadde veldig god forståing for kor lite ein faktisk kan etter berre å ha gått to år på medisinstudiet. Ho gir meg god og tett veiledning, og ho er veldig tilgjengeleg. I tillegg er gruppa veldig fin. Det er veldig låg terskel for å spørja om ting, og ingen spørsmål er dumme.

 

Kva har vore det beste med forskarlinja?

Eg synes dette med å koma tilbake til studiet, og føla at ein ser annleis på ting, har vore ein stor bonus. Det er kjekt å sjå den utviklinga. Ein får eit svært godt innblikk i kva forsking eigentleg er.

Det er også veldig kjekt å ha moglegheita til å reisa på konferansar og kurs, og møta andre som interesserer seg for det same som deg. CCBIO og Harvard i USA jobbar med å få til eit samarbeid, så det er også moglegheiter for at eg kanskje kan ta forskingsutveksling der.

 

Har du fått delteke på nokre konferansar i forbindelse med forskarlinja? Korleis har det vore?

Eg synes konferansar er utruleg inspirerande og kjekt! CCBIO arrangerer årlege symposium, og eg har presentert på nokre av dei. Eg har også vore på Frampeik to gongar, og skal igjen i haust. I tillegg var eg så heldig å få presentera på ein stor konferanse for patologi i Køln. Det er jo alltid ganske skummelt å presentera for så mange menneske, samt svara på spørsmål etterpå. I Køln gjekk presentasjonen veldig fint, og då eg var på veg til flyplassen, fekk eg ein telefon om at eg og fem andre var valt ut til å presentera på nytt. Eg måtte booka om flyet, og det enda med at eg kom på tredjeplass for beste munnlege presentasjon.

 

Føler du at du har fått ein fordel av forskinga vidare i medisinstudiet?

Ja, absolutt! Konsentrasjonen min har betra seg, og eg syns det er mykje lettare å følgja med i ein forelesning. Det å lesa pensumlitteratur er òg lettare. Eg føler eg har fått eit meir kritisk blikk på det forelesaren fortel, og at eg ser ting frå ei anna side enn eg gjorde før.

 

Kva har vore det mest utfordrande med forskarlinja?

Det å kome tilbake på studiet, og framleis ha eit prosjekt som det er ein del igjen å gjer på. Eg fekk ikkje gjort så mykje i fulltidsåret som eg hadde planar om. Eg føler eg ligg bakpå med forsking samstundes som eg må fokusera på studiet. Då må ein bli flink til å ta seg fri, og unngå å gå rundt med konstant dårleg samvit. Det er viktig å finna på andre ting enn forsking, studiar og jobb.

 

Har du nokre råd til andre som vurderer å ta forskarlinja?

Ta kontakt med fleire grupper, og prat med dei som eventuelt vert veiledar. Då kan ein gjerne lesa seg litt opp på feltet, slik at ein får meir ut av møtet. Ein forståingsfull og hjelpsam veiledar er viktig. Ein er veldig fersk innanfor forsking, så det er veldig greitt å ha nokon ein veit ein kan spør om alt mogleg. Det er også viktig at ein er interessert i prosjektet. Forskarlinja er hardt arbeid, og det krev litt, men eg føler i alle fall eg har fått mykje igjen for det.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *