Eureka!

Intervju med Vilde

Intervju med forskarlinjestudent Vilde Skylstad

Av Amalie Trones

 thumb_img_5831_1024-2

Vilde Skylstad (26), på kull 13A, har forska på mental helse i Uganda. Ho valte forskarlinja på grunn av ein nysgjerrigheit for kvar kunnskap kjem frå, samt for moglegheita til å vera ein del av eit fagmiljø som er interessert i det same som ho.

 

Kan du forklara kort kva prosjektet ditt går ut på?

Eg gjer ein kvalitativ studie på foreldres tankar om karakteristikkar av, årsaker til og behandling av mentale helseproblem hos barn i Uganda. Vi har hatt fokusgrupper der foreldra diskuterer dette, og set funna inn i eit teoretisk rammeverk for hjelpsøking i eit kulturelt perspektiv.

 

Kvifor valte du det prosjektet?

Eg synes menneskeleg åtferd er veldig spennande. Det er så mange faktorar som påverkar helsa vår utover sjukdomsprosessen. Sosiale og individuelle verkelegheitsforståingar, forutsetningar og motivasjonar som påverkar helsa frå anerkjenning av at ein har eit problem til rehabilitering etter behandling. Det spesielle med barn er at dei er heilt avhengig av nokon andre for å anerkjenna at dei har eit problem, og ta vurderingane som må gjeras fram til hjelp søkjes av helsevesenet. Når psykiatri i tillegg er så påverka av forklaringsmodellar i kulturen, har ein ein miks som er utruleg fascinerande å sjå ulikheiter, men ikkje minst slåande likheiter, i vurderingar på tvers av kulturar.

 

Korleis var forskningsåret ditt?

Forskningsåret mitt var veldig spennande. Uganda er ein fantastisk stad, og eg følar meg veldig heldig som har fått moglegheita til å verta kjende med landet og tankane til informantane som har delteke i studiet. Dagane på kontoret her heime er sjølvsagt varierande, men det er ein del av det. På Senter for internasjonal helse var vi heldigvis fleire studentar, så vi kunne spela på kvarandre når vi sto fast.

thumb_img_4931_1024

Kva har du fått ut av forskerlinja?

Generelt er det ganske nyttig å læra å vurdera forsking, forstå korleis ein undersøkjer eit tema ein ikkje kjenner frå før av og trena på å diskutera og utfordra sine eigne sanningar. Eg ville ikkje vore det forutan. I starten er det vanskeleg å skulla forska og sei noko vettugt om noko som tilsynelatande er så utruleg annleis enn din eigen kvardag. Det er litt paradoksalt, for først må ein innsjå at ein er så utanforståande at ein har utruleg lite å koma med, før ein innser at vi er jo ikkje eigentleg så forskjellige, så kanskje du har noko å bidra med likavel.

 

Har du fått delteke på nokre konferansar i forbindelse med forskarlinja?

Eg har vore på Frampeik (medisin- og odontologistudentanes forskningskonferanse) og GLOBVAC (forskningsrådets global helse-konferanse). Det er alltid spennande med konferansar. Ein får påfyll av informasjon innanfor sitt felt, men aller mest er det ei kjelde til inspirasjon og ei påminning om at det ein jobbar med er viktig, og at ein er ein del av eit miljø. Å presentera er sjølvsagt alltid litt nervepirrande, men sånn skal det jo vera. Og så innser ein til slutt at ein naturleg nok kan ganske mykje om dette ein har jobba så mykje med, og at det berre er gøy når folk er nysgjerrige og stillar spørsmål.

 

Følar du at du har fått ein fordel av forskinga vidare i medisinstudiet?

At eg har fått ein fordel på studiet, kan eg eigentleg ikkje sei noko om. Eg veit ikkje heilt korleis det skulle blitt vurdert. Eg synes eg har lært mykje som er nyttig for meg sjølv i generelt i livet, og det inkluderar naturleg nok studiet, men også til dømes når eg les nyhende, og når eg tek val og vurderingar generelt. Det er klart det er nyttig å trena på å lesa akademiske artiklar, men eg kan ikkje sei eg søkjer iherdig i pubmed når eg les til eksamen, då køyrar eg nok ganske lik strategi som alle andre. Om eg vurderar informasjonen annleis på grunn av forskarlinja kan tenkas, men det veit eg ikkje, og eg veit ikkje om det påverkar studiet i så stor grad at det gjer noko.

 

Vil du ta PhD med dette prosjektet?

Ja, det begynner vel å bli tanken. Det var ikkje difor eg begynte på forskarlinja, men no er eg i gang med eit prosjekt til i same gruppe som eg gler meg veldig til å jobba vidare med. Og så tenker at det å ha tid og rom til å utvikla kritisk tenking og byggja kompetanse til å forska seinare i ein klinisk kvardag heller ikkje er så dumt. Vi har så mange år vi skal vera legar, så å ta eit djupdykk i dette er eigentleg ganske freistande.

 

Kva har vore det mest utfordrande med forskarlinja?

Det som er mest utfordrande er langt på veg å tilbringa så mykje tid i mitt eige hovud. Eg blir ganske lett rastlaus i mitt eige selskap, og egnar meg dårleg til veldig lange dagar med berre ein skjerm å forholda meg til. Å strukturera meg sjølv og jobba med eit prosjekt som ikkje har ein definert sluttdato, er utruleg utfordrande, men også noko eg håpar eg vert betre til.

 

Korleis er kvardagen din når du forskar ved sidan av studiet?

Då er eg på kontoret eller heime, og jobbar når eg har moglegheit og når det trengs. Det er ofte mykje å gjera på studiet, og eg har lært meg å gje beskjed når det ikkje er å forvente at eg får gjort noko på ei stund. Det lettar litt det konstante dårlege samvitet eg trur mange som forskar går rundt med. Ein kunne alltid gjort meir, men nokre gongar har ein berre ikkje kapasitet.

 

Har du nokre råd til andre som vurderer å ta forskarlinja?

Vel noko du synes er interessant og ein veiledar du trur du kjem til å gå overeins med. Eg ville tenkt mindre på om det er «strategisk» eller «lurt», for det er veldig mykje arbeid for noko som berre skal sjå fint ut på ein CV. Forskarlinja er ein fantastisk moglegheit og ein kan læra vanvittig mykje om ein går inn i det med ein genuin nysgjerrigheit og ønske om å læra om det ein forskar på. Ein møter mange spennande menneske innan fagfeltet som har mykje å læra bort, og er verd å lytta til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *