Eureka!

Intervju med Anette

Intervju med forskarlinjestudent Anette Raa

Av Amalie Trones

anette-raa 

Anette Raa (25) tenkte på forskarlinja allereie før ho byrja på medisinstudiet, då ho såg på forskarlinja som ein fin og spennande måte å fordjupa seg i noko ho verkeleg interesserte seg for, nemleg akuttmedisin.

 

Raa har delt opp fulltidspermisjonen sin i to halvår. Ho tok i haust eit halvår permisjon, og går no på kull 14b. Etter kvart ser Raa for seg å ta doktorgrad med prosjektet.

 

Kva går prosjektet ditt ut på?

Prosjektet mitt er innanfor akuttmedisin. Eg tester ut ein laktatmålar som dei vil byrja å bruka i luftambulansen. Ein kan per i dag ikkje måle laktat ute i felten, slik dei bruker eit blodgassapparat til inne på sjukehusa. Ein ønsker å ta i bruk laktatapparat, men det er per i dag ikkje validert. Prosjektet mitt er ein valideringsstudie, der eg samanliknar laktatapparatet med eit blodgassapparat, som vert sett på som gullstandarden. Laktat stig hos pasientar med sirkulatorisk sjokk, f. eks. ved store blødningar eller septisk sjokk. Tidlegare studier viser at laktat er ein predikator for død. Mangel på oksygen og dermed redusert oksygen til vev, gir anaerob metabolisme og økt laktat. I mitt arbeid bruker eg laktatmålaren på to grupper; friske som spring på tredemølle slik at dei får mjølkesyre i kroppen, og ei pasientgruppe på intensivavdelinga som har dårleg sirkulasjon og høgt laktat. Om det viser seg at laktatmålaren er god nok, kan den brukast ute i felten.

 

Mange finn prosjekt på oppgåvedagen som UiB arrangerer kvart år, kor fann du prosjektet ditt?

Eg visste eg ville forske innanfor akuttmedisin. Eg tok kontakt med to anestesilegar, og saman med ein lege som er klinisk biokjemikar og statistikar, utvikla vi prosjektet i lag. Eg var frå starten av med på å skriva protokoll og søke om etisk godkjenning. Det førte til at eg vart svært godt kjend med prosjektet, men det kravde også ein god del arbeid.

 

Heldigvis har eg dyktige veiledarar. Dei er alle travle klinikarar, men tek seg alltid tid til meg. Vi samarbeider veldig godt.

 

Korleis var forskningsåret ditt?

Kjempekjekt, spennande og travelt. Det var ei veldig bratt læringskurve, og eg var veldig usikker i starten. Men eg kom meir og meir inn i det etterkvart. Intensivavdelinga, der eg har eine testgruppa mi, har tatt meg svært godt imot. Der får eg sjå og læra mykje av pasientar eg inkluderer i studien min.

 

Kva fordelar har du fått av å ha valt forskerlinja?

Eg har lært å disponera tida mi meir effektivt, og blitt flink til å balansera forsking og studiet. I tillegg har eg lært mykje om statistikk. Eg les fagstoff på ein heilt annan måte enn tidlegare, og stiller meir kritiske spørsmål. Det å få eit anna perspektiv på fagstoff vil eg ha nytte av lenge.

 

Kva har vore det mest utfordrande med forskerlinja?

At ting tek tid. Det tek tid å inkludere nok intensivpasientar, og det krev at eg alltid må vere tilgjengeleg med tanke på at pasientane kjem inn når som helst. Dei er kritisk sjuke, og eg treng samtykke frå pårørande for å utføre testar. Sistnemnde har forøvrig gått svært fint, då eg har lært å prata med pårørande om forsking sjølv om dei er i ein veldig sårbar situasjon.

 

Har du nokre råd til andre som vurderer å søkje forskarlinja?

Vel noko du verkeleg brenn for! Då blir det utruleg kjekt å forska. Skriv gode protokollar, gjer grundig forarbeid, og ikkje bekymre deg for mykje, for ein lærer underveis og alt går bra til slutt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *